Wednesday, June 03, 2020

Nattsanger tur Pinsen 2020


Me kjørte ut i åtte tida på kvelden for å lytta etter fuglar som syng i skumringa og på natta. Først gjekk me ut i området innringa på kartet.
 Den første som møtte oss var vendehalsen (riktignok ingen nattsangar) , i ti tida når me kom tilbake hadde den tatt kveld.
 Like etter traff me på denne flaggspetten med mat i nebbet til ungane. Den hekker nok i nærheten.
 Plutselig dundra det ein tromme hvirvel djupt inne i skogen og kvitryggspetten ga seg også til kjenne! Skikkelig villmarksstemning!
 Men etterkvart som me gjekk innøve forflytta den seg så me fekk ikkje sett den , bildene er frå same plassen tidligare i vår.
På veg tilbake mot bilen hadde det begynt å skumra og rugde trekket hadde begynt, me såg tre rugder i dette området.Men det var for mørkt for fotografering nå.

Klokka var blitt 10 og me bestemte oss for å kjøra til Nordlandsvatnet på Heia. Her fekk me oss ein øveraskelse med ein gång me gjekk or bilen, ein merkelig plystre lyd som me tilslutt fant ut var ei myrrikse!I tillegg sang sivsangarane i sivet.
Me fekk ikkje sett myrriksa men her er eit eksempel på koss den ser ut.