Sunday, January 12, 2020

Fuglesafari til Gåsavatnet 3 Jan 2020

Meg og Jørn starta året med ein tur til Gåsavatnet ein kald og forblåst dag i Januar med håp om å få med oss nokre godbitar på denne uutforska plassen for vår del. Me stoppa først i Erlandsdalen og såg nokre meisar. Etter dette kjørte me videre til stien i Kolabygda som me gjekk opp til Gåsavatnet på. Langs vatnet gjekk stien gjennom fin blandingskog med nokre åpne hogstflater ,men det var ikkje så mange fuglar å sjå. Når me kom fram til ei hytta tok me av frå stien mot NV mot Berge ,rett før me kom til garden dukka ei vintererla opp heilt uventa og til stor glede for oss. Her observerte me og spettmeis og trekrypar og eit hakkespett hull i eit tre. Frå Berge gjekk me ned til hovudvegen og tilbars til bilen. På Slettaberg på slutten av rundturen vår såg me ei vaksen havørn og ein gråspett i ein telefon stolpe.