Wednesday, June 03, 2020

Nattsanger tur Pinsen 2020


Me kjørte ut i åtte tida på kvelden for å lytta etter fuglar som syng i skumringa og på natta. Først gjekk me ut i området innringa på kartet.
 Den første som møtte oss var vendehalsen (riktignok ingen nattsangar) , i ti tida når me kom tilbake hadde den tatt kveld.
 Like etter traff me på denne flaggspetten med mat i nebbet til ungane. Den hekker nok i nærheten.
 Plutselig dundra det ein tromme hvirvel djupt inne i skogen og kvitryggspetten ga seg også til kjenne! Skikkelig villmarksstemning!
 Men etterkvart som me gjekk innøve forflytta den seg så me fekk ikkje sett den , bildene er frå same plassen tidligare i vår.
På veg tilbake mot bilen hadde det begynt å skumra og rugde trekket hadde begynt, me såg tre rugder i dette området.Men det var for mørkt for fotografering nå.

Klokka var blitt 10 og me bestemte oss for å kjøra til Nordlandsvatnet på Heia. Her fekk me oss ein øveraskelse med ein gång me gjekk or bilen, ein merkelig plystre lyd som me tilslutt fant ut var ei myrrikse!I tillegg sang sivsangarane i sivet.
Me fekk ikkje sett myrriksa men her er eit eksempel på koss den ser ut.


Sunday, March 29, 2020

Tur til grønnspettskogen ved Hetleli

 Her viser ruta for turen vår. Har skrevet på kartet kor me såg dei forskjellige fuglane.

                                               Gamal skog ved Stora Dyregrovvatnet
                                       

                                  Grønnspetthol i vaksne grovstamma osper, nyare og eldre.
                                   Dvergspetten tromma eindel i Grønnspettskogen og der var og hol etter den.



Reirholet til grønnspetten den 9 April såvidt starta på. Den 25 April såg det nesten ferdig ut.


                             

                                  Grønnspetten lot seg og fotografere då me var oppe den 25 April.
                                Gråspetten viste seg og. Den hadde nylig hakka ut et hol i andre enden av skogen.
                                       Bilde som viser ein del av den nydelige lia.

Sunday, January 12, 2020

Fuglesafari til Gåsavatnet 3 Jan 2020

Meg og Jørn starta året med ein tur til Gåsavatnet ein kald og forblåst dag i Januar med håp om å få med oss nokre godbitar på denne uutforska plassen for vår del. Me stoppa først i Erlandsdalen og såg nokre meisar. Etter dette kjørte me videre til stien i Kolabygda som me gjekk opp til Gåsavatnet på. Langs vatnet gjekk stien gjennom fin blandingskog med nokre åpne hogstflater ,men det var ikkje så mange fuglar å sjå. Når me kom fram til ei hytta tok me av frå stien mot NV mot Berge ,rett før me kom til garden dukka ei vintererla opp heilt uventa og til stor glede for oss. Her observerte me og spettmeis og trekrypar og eit hakkespett hull i eit tre. Frå Berge gjekk me ned til hovudvegen og tilbars til bilen. På Slettaberg på slutten av rundturen vår såg me ei vaksen havørn og ein gråspett i ein telefon stolpe.